Kong Sumarlid av Fjaler kom heim frå viking att, og styrde til lands ved Alden ei disig månenatt. Dei svarte gjel og tindar låg blå i måneljos, der song den vakre kvinna, den falske Sigaros. Der song den falske kvinna og spela på tussegreip, Og klunka med tjukke fingrar på tvinna bastereip: Du unge Sumarlide, kom inn, kom inn til meg, all heimsens gull og rikdom, det vil eg gjeva deg Langt inn i bergi blåe, der sylverskogen gror, det glitrar i dyre steinar og lyser av perlemor. Her er ikkje haust og vetter, her er ikkje natt og dag, og stilt i ljose draumar går sus av båreslag. Men Sumarlide, kongen, han vende seg kald ifrå, då såg han den andre kvinna i måneljoset stå. Til linne harpetonar ho song i stjerneskin, det var den fagre kvinna, den ljose Ermelin: Du unge Sumarlide, kom inn, kom inn til meg, min varme, rike kjærleik, den vil eg gjeva deg. Eg skal deg varlegt draga inntil min mjuke famn, og kviskra i stille næter ditt underfulle namn. Og Sumarlide, kongen, det var som han somna av, det drog han med makt mot havet, det store, kalde hav. Der søv den unge kongen frå våpenleik og strid, no song eg minnesongen um konung Sumarlid.